logo
logo-fb
mainimage

VPB Media Group samarbeider med amerikansk
Oscar-nominert regissør


– Eg prøver å forstå vondskapen. Den dagen eg har forstått den, sluttar eg å laga filmar.
Motivasjonen til Hava Beller er klar. Ho har gjort det til eit livsverk å dokumentera kva krig og konfliktar gjer med det inste i menneska.

Med den Oscar-nominerte filmen «The Restless Conscience» frå 1992, tok ho for seg tyskarar som gjorde motstand mot nazirørsla under krigen, og etter det følgde opp med «The Burning Wall» i 2002. Der dreidde det seg om kommunismens frammarsj og fall i Aust-Tyskland.

Når filmskaparen no er i Bergen, er det for saman med VPB Media å gjera opptak til ein dokumentar om konflikten mellom Israel og Palestina.
– Eg vil få fram stemma til dei som bur der, og korleis konflikten påverkar livet deira. Desse menneska er født inn i denne svære konflikten, og eg er interessert i korleis ein som menneske taklar slike forhold. Det handlar om kjernen i mennesket, rett og slett.
Filmskaparen held korta tett til brystet, og ønskjer eigentleg ikkje seia stort om opptaka ho vil gjera i Bergen. Grunnen er at ho er redd for å avsløra for mykje om privatlivet til intervjuobjekta.
– Men intervjua eg vil gjera her, er veldig viktige for filmen. Det er menneske her no som eg har snakka med andre stader tidlegare, fortel Beller kryptisk.
Ho har god tid på seg. Begge dei to tidlegare dokumentarfilmane brukte ho nemleg ti år på å produsera. No er ho «berre» inne i tredje året på sin tredje film.
– Så det kan godt vera eg kjem tilbake. Kanskje får de veta meir då, seier filmskaparen og smiler lurt. 

Harald Espeland, BT

Hava-og-Arne

Hava-og-Arne

Hassana

Tolk Hassane Nilsen

Thomas

Lydmann Thomas Lyse Thorsen

footerbunn